Tysdag 10. Februar reiste eg og
friluftslivklassen min opp i Hodlekve for å utforske dei gode skimoglegheitane.
Måndagen før hadde vi planlagt turen og lært oss med både kompass, kart og med
skredfareterreng. Vi hadde også ein tur i skog og mark 23. Februar, men denne
turen var i Kaupangerskogen. Dei største utfordringane med å starte med
vinterfriluftsliv er utstyr og vêr. Resten av året kan dei fleste frå tak i
utstyr til ein telttur ved å bruke utstyr ein allereie har. Det krev ikkje så
alt for bra telt og utstyr for å telte ute på sommarstider. På vinteren er ein
ofte avhengig av ein viss standar for å ikkje berre ha ein behagelig stur, men
også for å unngå forfrysingar og væsketap. Ved effektiv temperatur på -28
grader er faren for forfrysingar stor om huda er eksponert i berre nokre
minutt. Nokre av dei vanlegaste feila på vinterturar er å ikkje ta med nok kle
eller feil type kle. Førearbeidet før ein tur er ekstremt viktig. Det er lurt å
sjekke vêrmeldinga og konsentrere seg om å få inn gode rutinar, lære seg kva
som fungerer og ikkje fungerer når det gjeld utstyr og korleis ein løyser ulike
utfordringar. Vinterfjellet krev enda meir av erfaringane, forbredringane og
utstyret.
Vi hadde også eit par mål for desse
turane. På turen i Hodlekve ville vi teste utstyret vårt og finne ut om alt
virka som det skal, og så lære meir om korleis vi skal bevege oss i
vinterfjellet. På turplanlegginga planlagde vi ein plan A, ein plan B og ein
kriseplan i tilfelle alt ikkje skulle gå som vi ville. Plan A var å gå opp til
Reipa, deretter skulle vi krysse Skavassgrovi og bevege oss oppover mot
Skavasshaugane. Vi sigla ned i laussnøen ved Skavasshaugane, slik du ser på kartet,
og kom inn på langrennsløypa ved Stedjekammen att. Plan B gjekk ut på å
eventuelt snu ved Skavassgrovi og sigle nedatt derifrå. Kriseplanen var at
dersom noko skulle skje, hadde vi ein personbil som stod parkert i Rindabotn,
slik at vi kunne snu og fortsatt komme oss heim.
![]() |
Stor skavle |
![]() |
Liten skavle |
Vi hadde også eit par mål for desse
turane. På turen i Hodlekve ville vi teste utstyret vårt og finne ut om alt
virka som det skal, og så lære meir om korleis vi skal bevege oss i
vinterfjellet. På turplanlegginga planlagde vi ein plan A, ein plan B og ein
kriseplan i tilfelle alt ikkje skulle gå som vi ville. Plan A var å gå opp til
Reipa, deretter skulle vi krysse Skavassgrovi og bevege oss oppover mot
Skavasshaugane. Vi sigla ned i laussnøen ved Skavasshaugane, slik du ser på kartet,
og kom inn på langrennsløypa ved Stedjekammen att. Plan B gjekk ut på å
eventuelt snu ved Skavassgrovi og sigle nedatt derifrå. Kriseplanen var at
dersom noko skulle skje, hadde vi ein personbil som stod parkert i Rindabotn,
slik at vi kunne snu og fortsatt komme oss heim.
.png)
Avreise var klokka 12.00 utanfor
hovudinngangen til Vgs. Pakkelista over det vi skulle ha med oss var; ski,
stavar, feller, hue, vottar, gode klede, solbriller, dagstursekk, mat og
drikke, kart og kompass, førstehjelpsutstyr, spade, sitteunderlag, bytteklede,
skredfarekort og sjølvsagt all kunnskapen vi hadde lært om det å ferdast i
vinterfjellet. Då vi var komne fram i Rindabotn, tok vi på feller på skia og
fekk utdelt kompass og spade. Vi var delte inn i grupper på førehand, og kvar
gruppe fekk ansvaret for å lede klassen fram til eit punkt ved hjelp av kart og
kompass. Det var ikkje noko særleg å skryte av vêret denne dagen. Det var
kjølig vind og småregn heile turen. Heldigvis var det mild temperatur. Det var
derfor ikkje det aller beste å ta av vottar for å finne fram kart og kompass,
men eg har lært meg det mest grunnleggande med kart og kompass. Det er veldig
greitt å vite korleis ein brukar dette fordi om du ikkje finn fram ein plass,
og du kan bruke kompasskurs, er det inga grunn til bekymring. Kompasset er
omtrent heilt nøyaktig. Alt i alt var dette ein flott tur i friluft som gjerne
kan gjentakast.
![]() |
Kart over vegvalet i Hodlekve |
Hovudmålet vi hadde for turen i
Kaupangerskogen var å lære oss enda meir med bruken av kart, kompass og bruke
kompasskurs. Før vi reiste ut, hadde vi turplanlegging der vi planla plan A, B
og kriseplan. Plan A var å reise frå Goro, gå vidare opp til Ospesete og
deretter opp til Pikkhaug. Herifrå skulle vi sigle nedatt frå Pikkhag til vi
kom til kraftlinjene og følgje desse på nedturen. Plan B gjekk ut på at om vi
ikkje rakk heilt opp så skulle vi snu litt før, og deretter sigle nedatt same
veg som i plan A. Kriseplanen var eigentleg den same som vi hadde då vi var på
tur i Hodlekve, å ha ein personbil ståande i Goro i tilfelle noko skulle skje.

Minibussen skulle hente oss utanfor Vgs
klokka kvart på 11, og der stod vi å venta i ei god stund. Taxisentralen hadde
ikkje fått vidareført bestillinga av minibuss, så vi måtte vente ein halv time
før vi fekk reise. Dette gjorde til at vi måtte gå for plan B, og snu litt før.
Pakkelista for denne turen var den same som sist; ski, stavar, feller, hue,
vottar, gode klede, solbriller, dagstursekk, mat og drikke, kart og kompass,
førstehjelpsutstyr, spade, sitteunderlag, bytteklede, skredfarekort og
sjølvsagt all kunnskapen vi hadde lært om det å ferdast i vinterfjellet.

Dei fleste hadde teke på feller på skia
frå før, så det var berre å reise av garde. Denne gongen var det meg, Therese
og Sander som skulle ta kompasskurs først. Vi skulle lede gruppa frå Goro og
fram til Ospesete. Då vi kom fram til kraftlinjene kunne vi velje mellom to
ting. Enten å ta kompasskurs gjennom skogen, eller å ta ein liten omveg og
følje ein traktorveg. Vi valte omvegen. Vi fann ut at dette var tryggast i og med
at dette berre var andre turen vår saman i klassen og fordi då var vi sikre på
at vi kom fram til Ospesete like heile. Då vi var kommen opp slik at vi hadde
møtt kraftlinjene på nytt, var klokka blitt så mykje at vi berre fekk tid til å
ta eit par kompasskurs før vi sigla nedatt. Vi tok kompasskurs frå der
kraftlinja hadde ein liten knekk på seg til der dei tre vegane møttes og vidare
derifrå bort til eit vatn. På denne turen lærte eg meg enda meir med kart og
kompass i og med at vår gruppe leda no i staden for sist tur. Eg lærte og at
den strake vegen ikkje alltid er den rette eller beste vegen, at vi må kanskje
gå litt lengre for å komme trygt fram til målet vårt. Vêret på denne turen var
mykje betre enn sist tur. Det var eit par gløtt med sol og litt snøvêr oppover.
Dette var ein veldig bra tur, var berre synd vi ikkje kom oss heilt opp etter
plan A.
![]() |
Kart over vegvalet på Kaupenger |
- Anja Veum