Anja sin friluftslivblogg

Anja sin friluftslivblogg

fredag 24. oktober 2014

Jakt i Måredalen

Medan dei andre i friluftlivsklassen min skulle på overnattingstur til Nuken, hadde eg lagt heilt andre planar i staden for denne utflukta. Eg ville nemleg forsøke meg på hjortejakt saman med gjengen i Måren Jaktlag. Den veglause bygda Måren har eit av dei beste hjorteområdet i heile Noreg, og dit ville eg no for å utforske dette litt nærare. Vetlesystra mi, Synne, er med på jakt kvar haust, og er erfaren i dette faget. No var det min tur.

Torsdag 16.oktober etter skulen, tok bussen frå Sogndal til Nordeide, litt utanfor Høyanger tettstad. Her gjekk eg om bord i ferja til Måren. Ingen kom å møtte meg (alle var på jakt), og difor måtte eg ta beina fatt oppover eit godt stykke før eg kom til sjølve Måredalen (ca. 350 moh).

Kart over vegen eg gjekk opp til Måredalen.

Huset til tante Mary Ann og onkel Arne.

Tante Mary Ann og onkel Arne har busett seg her oppe, og er dei to einaste fastbuande i Måren. Dei er grunneigarar med hjorteløyve. Kvart år er jaktlaget samla to langhelger i Måren til hjortejakt. I år har dei totalt 40 løyver med 8 bukkar, 12 ungdyr, samt koller og kalvar.

Torsdag kveld då eg kom fram, hadde dei andre slitt i timesvis med å dra 13 dyr ned frå høgfjellet, og var veldig slitne etter den harde jobben. Den førre helga dei var på jakt, hadde dei fått til saman 12 dyr. Det vil seie at for denne helga stod det att 28 dyr på kvoten.

Kl. 06.30 fredag morgon var det slutt på søvnen, det er ingen bønn når onkel Arne kjem brakande inn døra på vekkerunden sin. Felles frukost med ferske høneegg, og smøring av stor nistepakke for dagen i fjellet.

Nøyaktig klokka 08.00 samla heile jaktlaget seg oppe i Måredalen. Pappa er jaktleiar for laget, og her fordelte vi kven som skulle vere jagarar og kven som skulle sitte på post. Vi hadde med oss to sporhundar, vår eigen Geisha og Varg, i tilfelle det vart skadeskoten hjort.  Det vart orientert om kva type dyr som stod att på kvoten, slik at alle skulle vere sikker på dette. Alle hadde med seg jaktradio, slik at vi kunne kommunisere med kvarandre før, under og etter jaget.

Ein liten bukk.

Etter ei stund gåing opp over bakkane, kom vi fram til Fletlia, der vi fordelte oss ut på alle dei 6-7 postane. Så starta første jag. Eg satt på post med pappa, Tom, og etter ei lita stund med venting, såg vi ei kolle og ein kalv springe oppover mot dei som satt på post lenger oppe. Eit par minutt seinare høyrde vi to skot, og litt seinare to til. På posten nedanfor oss vart det skote 2 dyr. Den eine hjorten vart skadeskoten, så Geisha og pappa sette raskt i gang med eit søk på blodspora. Ikkje lenge etter hadde dei spora opp den skada hjorten og fekk avliva den. Jaget vart avslutta då jagarane nærma seg postane.
På post med pappa.

Matpause torsdagen.

Alle hadde ein felles matpause i lag i strålande haustsol, før vi gjekk i gang med slaktearbeidet. Dei 4 hjortane vart utvomma på staden, før vi drog dei heile ned att til vegen, og køyrde dei til den faste slaktestaden nedi Måren på garden Espeskogen.

Mykje god mat til mørning. 

Tante Mary Ann med bukken som Ingar Førde skaut.

Klokka var berre blitt litt over 14, så vi bestemte at vi skulle ha eit lite jag til før vi tok kvelden. No var det meg og mamma, Anne Kristin, som skulle jage, og dei andre sitte på post. I løpet av dette jaget fann vi ikkje eit einaste ferskt  spor eller noko som kunne likne på at det hadde vore hjort i terrenget. Det vart ikkje fleire dyr den dagen.  Vi kom heim att, og hadde i staden ein god fårikål-middag før vi gjekk og la oss tidleg.

Meg og sporhunden Geisha.
Laurdagen var verken meg eller tante med på jakt, vi hadde ein del å handle inn i Høyanger før det var planlagt felles jaktfest om kvelden. Etter nokre timar på handling, kom vi opp att i Måredalen og fekk vite at dei berre hadde skote tre dyr den dagen. Dette kunne ha noko med at det var så pass mildt ute at hjorten ikkje var kommen ned frå høgfjellet enda.

Klar for oppheng i slakteriet på Espesogen. 

På kvelden var det jaktfest i forsamlingslokalet, Bua, nede ved kaien i Måren. Jegarar, grunneigarar og andre hyttefolk samlast for ein fin kveld med god mat og lysbilete og film frå hjortejakta. Her hadde vi nok av kortreist mat å velje mellom som viltkjøttkaker, hjortebiff, heimelaga potetsalat, soppsaus, salat, kaker og mykje anna god mat. Vi hadde også loddtrekking i løpet av kvelden med mange flotte gevinstar.

No står det att 8 dyr av kvoten. Vi bestemte oss for å ta ei ekstra jakthelg den 7.-9. November, og då møtest alle for nytt forsøk. Med litt vèromslag til haustleg regn, kaldare temperatur og gjerne nysnø på fjellet – vil nok dyra trekke nedover i dalen.


3 jegerar i Måredalen etter endt jaktdag.


Anja Veum





tirsdag 30. september 2014

Lunsj i naturen

I timane vi hadde med friluftsliv på måndag den 29.09, tok vi turen opp utanfor Rutlin for å lære om bålbrenning. Det passa veldig bra i og med at det var den 15. September at vi fekk lov til å brenne bål i naturen igjen, etter ein tørr sommar. Då vi kom opp, hadde studentane allereie tent opp bålet, og vi fekk eit par minuttars info om kva vi skulle gjere i løpet av timane. Studentane fortalte om kva type ved som heldt mest på varmen og som brann best. Vi vart overraska då vi fann ut at sortane som vi trudde brann best, som bjørk, eigentleg var veldig langt nede på lista. Bøk og eik heldt best på varmen.



Vi vart delt opp i grupper der nokon skulle spikke småkvistar til å få fyr, andre skulle hogge ved og ein gjeng skulle lage trefot til å varme vatn over bålet. Meg, Oda og Marianne skulle spikke, og fann ut til slutt at vi hadde spikka altfor masse. Deretter satt heile klassen rundt bålet og åt nista si, før vi fekk opplæring i korleis vi skulle byggje opp bålet. Dei store kubbane skulle liggje nedst, så skulle du jobbe deg oppover med mindre og mindre kubbar før du låg småspikka kvistar på toppen. Denne type oppbygging av bål kallar vi vinterbål. Etter dette tok vi turen ned att til skulen med meir kunnskap om kva naturen har å by på av ressursar.




Anja Veum

fredag 26. september 2014

Tur til Fjærlandssete



Den 14. September møtte 20 glade ungdommar opp tidleg klokka 09.00 utanfor lageret til friluftslivsgruppa. Her fordelte vi fellesutstyrer, telt, stormkjøkken og raudsprit, og alle tok litt kvar. Deretter tok vi ein minibuss og ein personbil opp på Mannsverk i Øvstedalen, det var her turen starta. Vi hadde fordelt oss opp i fem grupper, og kvar gruppe hadde kvar sin gang med å lede klassen på vegen opp til Fjærlandssete. Eg var på gruppe med Sanna, Marianne og Stine. Vi hadde fått i oppdrag å lede klassen frå Furusetet til Fjærlandssete. Tidleg på turen hadde vi fått opplæring i korleis vi brukar kart og kompass. Dette kom til god hjelp for alle gruppene gjennom desse to dagane ute i naturen.


Etter gruppe 1 hadde leda oss frå Mannsverk til Furusete, hadde vi ein liten time matpause, før det var vår tur til å lede veg. Eg syns at det gjekk veldig fint, vi brukte kartet godt og klarte å lede vegen frå Furusete, til Myrbeinsete og fram til Fjærlandssetet etter ca. ein halv time. Det var ikkje så vanskeleg å finne vegen, det var ein god sti som følgde oss heilt fram. Vi hadde sett på kartet, og fann ut at den beste vegen var den stien vi gjekk. Terrenget var veldig flatt og fint, og det var deilig å kunne sleppe å gå i harde oppoverbakkar siste bit av turen. Vi var ganske trøytte og slitne. Framme ved Fjærlandssete overgav vi kartet til gruppa til Daniel, Kjersti, Victoria og Rebekka, dei skulle finne ein fin, flat og tørr plass vi kunne slå opp teltet.
Bilde utover Fjærlandsvatnet frå teltplassen vår.

Etter ca. 20 minutt, hadde vi funne ein fin plass nærme Fjærlandssetevatnet. Her slo vi opp telt pg laga til soveposane og liggeunderlaget. Deretter fekk vi litt info om dagen, før vi fekk fri til å gjere det vi ville i 2 timar. Nokon reiste for å fiske, medan andre fann seg ein liten plass der dei satt for å snakke og kose seg. Meg, Hanne, Kjersti og Vegard fiska på same plass, men eg var den einaste som var heldig nok til å få fisk(!!).  

Fisken eg fekk på stang, fjellaure.



Vi vart då ropt bortatt til teltplassen, og fekk beskjed om å starte å førebu middagen. Vi hadde planlagt i timane på skulen kven som skulle ta med kva av mat. Eg skulle ta med agurk og salat til middagen vår, taco. Torgeir og Kristina hadde laga til rette for ein liten quiz om det vi hadde lært gjennom dagen. Vi hadde teltgruppene som grupper, og til slutt vann gruppa til Oda, Beate, Live og Sander. Seinare ut på kvelden hadde vi kveikt opp bål og satt framfor det og koste oss. Det var ein kjøleg,  men fin kveld.



Dagen etterpå, 15. september, vakna vi i eit klamt og kjøleg telt. Ikkje alle hadde sove like bra i løpet av natta. Vi fekk oss ut av soveposen, og starta med opprydding. Det første me gjorde var å slå ned teltet. Deretter fekk vi i oss ein god pannekakefrukost og pakka ferdig sekkane våre. No var det gruppa til Daniel, Kjersti, Victoria og Rebekka som skulle lede vegen litt til, før Sander, Live, Beate og Oda leda resten av vegen. Alle var veldig letta over å endeleg sjå hovudvegen og ikkje minst når bussen kom for å hente oss.

Det eg skal hugse til neste tur vi skal på, er å ha med meir varme klede. Det vart veldig kaldt utover kvelden, og eg var forkjøla i tillegg. Vi kunne også berekna litt bedre kor mykje mat vi skulle ha med, vi hadde med litt for mykje. Eg lærte ein god del gjennom desse to dagane. Eg kan no bruke kart og kompass betre enn eg har kunne før, og det var ikkje problem med å finne ut forskjellige plassar rundt kring Fjærlandssete. Eg lærte også korleis vi sløyer fisk. Det visste eg ikkje korleis eg gjorde, men med instruksar frå Hanne gjekk det veldig greitt. Eg er veldig fornøyd med korleis turen vart, vi hadde det veldig kjekt i løpet av dei to dagane, og vart litt betre kjent med folk eg ikkje visste så mykje om frå før av. På gruppa vår vart eg veldig imponert over at vi klarte å få til å lage taco ute i naturen, og det viste seg at det ikkje var noko problem. Alt i alt var det ein vellukka tur med masse kjekke folk og mykje nyttig læring som eg vil få bruk for seinare.
Stemningsbilde rundt bålet kvelden før.
Anja Veum