Anja sin friluftslivblogg

Anja sin friluftslivblogg

fredag 24. oktober 2014

Jakt i Måredalen

Medan dei andre i friluftlivsklassen min skulle på overnattingstur til Nuken, hadde eg lagt heilt andre planar i staden for denne utflukta. Eg ville nemleg forsøke meg på hjortejakt saman med gjengen i Måren Jaktlag. Den veglause bygda Måren har eit av dei beste hjorteområdet i heile Noreg, og dit ville eg no for å utforske dette litt nærare. Vetlesystra mi, Synne, er med på jakt kvar haust, og er erfaren i dette faget. No var det min tur.

Torsdag 16.oktober etter skulen, tok bussen frå Sogndal til Nordeide, litt utanfor Høyanger tettstad. Her gjekk eg om bord i ferja til Måren. Ingen kom å møtte meg (alle var på jakt), og difor måtte eg ta beina fatt oppover eit godt stykke før eg kom til sjølve Måredalen (ca. 350 moh).

Kart over vegen eg gjekk opp til Måredalen.

Huset til tante Mary Ann og onkel Arne.

Tante Mary Ann og onkel Arne har busett seg her oppe, og er dei to einaste fastbuande i Måren. Dei er grunneigarar med hjorteløyve. Kvart år er jaktlaget samla to langhelger i Måren til hjortejakt. I år har dei totalt 40 løyver med 8 bukkar, 12 ungdyr, samt koller og kalvar.

Torsdag kveld då eg kom fram, hadde dei andre slitt i timesvis med å dra 13 dyr ned frå høgfjellet, og var veldig slitne etter den harde jobben. Den førre helga dei var på jakt, hadde dei fått til saman 12 dyr. Det vil seie at for denne helga stod det att 28 dyr på kvoten.

Kl. 06.30 fredag morgon var det slutt på søvnen, det er ingen bønn når onkel Arne kjem brakande inn døra på vekkerunden sin. Felles frukost med ferske høneegg, og smøring av stor nistepakke for dagen i fjellet.

Nøyaktig klokka 08.00 samla heile jaktlaget seg oppe i Måredalen. Pappa er jaktleiar for laget, og her fordelte vi kven som skulle vere jagarar og kven som skulle sitte på post. Vi hadde med oss to sporhundar, vår eigen Geisha og Varg, i tilfelle det vart skadeskoten hjort.  Det vart orientert om kva type dyr som stod att på kvoten, slik at alle skulle vere sikker på dette. Alle hadde med seg jaktradio, slik at vi kunne kommunisere med kvarandre før, under og etter jaget.

Ein liten bukk.

Etter ei stund gåing opp over bakkane, kom vi fram til Fletlia, der vi fordelte oss ut på alle dei 6-7 postane. Så starta første jag. Eg satt på post med pappa, Tom, og etter ei lita stund med venting, såg vi ei kolle og ein kalv springe oppover mot dei som satt på post lenger oppe. Eit par minutt seinare høyrde vi to skot, og litt seinare to til. På posten nedanfor oss vart det skote 2 dyr. Den eine hjorten vart skadeskoten, så Geisha og pappa sette raskt i gang med eit søk på blodspora. Ikkje lenge etter hadde dei spora opp den skada hjorten og fekk avliva den. Jaget vart avslutta då jagarane nærma seg postane.
På post med pappa.

Matpause torsdagen.

Alle hadde ein felles matpause i lag i strålande haustsol, før vi gjekk i gang med slaktearbeidet. Dei 4 hjortane vart utvomma på staden, før vi drog dei heile ned att til vegen, og køyrde dei til den faste slaktestaden nedi Måren på garden Espeskogen.

Mykje god mat til mørning. 

Tante Mary Ann med bukken som Ingar Førde skaut.

Klokka var berre blitt litt over 14, så vi bestemte at vi skulle ha eit lite jag til før vi tok kvelden. No var det meg og mamma, Anne Kristin, som skulle jage, og dei andre sitte på post. I løpet av dette jaget fann vi ikkje eit einaste ferskt  spor eller noko som kunne likne på at det hadde vore hjort i terrenget. Det vart ikkje fleire dyr den dagen.  Vi kom heim att, og hadde i staden ein god fårikål-middag før vi gjekk og la oss tidleg.

Meg og sporhunden Geisha.
Laurdagen var verken meg eller tante med på jakt, vi hadde ein del å handle inn i Høyanger før det var planlagt felles jaktfest om kvelden. Etter nokre timar på handling, kom vi opp att i Måredalen og fekk vite at dei berre hadde skote tre dyr den dagen. Dette kunne ha noko med at det var så pass mildt ute at hjorten ikkje var kommen ned frå høgfjellet enda.

Klar for oppheng i slakteriet på Espesogen. 

På kvelden var det jaktfest i forsamlingslokalet, Bua, nede ved kaien i Måren. Jegarar, grunneigarar og andre hyttefolk samlast for ein fin kveld med god mat og lysbilete og film frå hjortejakta. Her hadde vi nok av kortreist mat å velje mellom som viltkjøttkaker, hjortebiff, heimelaga potetsalat, soppsaus, salat, kaker og mykje anna god mat. Vi hadde også loddtrekking i løpet av kvelden med mange flotte gevinstar.

No står det att 8 dyr av kvoten. Vi bestemte oss for å ta ei ekstra jakthelg den 7.-9. November, og då møtest alle for nytt forsøk. Med litt vèromslag til haustleg regn, kaldare temperatur og gjerne nysnø på fjellet – vil nok dyra trekke nedover i dalen.


3 jegerar i Måredalen etter endt jaktdag.


Anja Veum





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar