Utstyr:
- Førstehjelpsskrin, dersom uhellet skulle vere ute
- Redningsvest er veldig viktig
- Gode klede (ull og regnklede)
- Svamp (om det kjem vatn opp i kanoen)


Sitjestilling:
Dei fleste kanoar er laga med eit, to eller tre sete
til å sitje på. Den mest stabile og gunstige sitjestillinga er på knea, med
baken kvilt mot setekanten og beina innunder seter. Vekta fordelast mellom kne
og bak. Ein kan godt bruke liggjeunderlag eller tilsvarande under knea som
plasserast ut til sidene i kanoen. Denne stillinga gir eit tyngdepunkt og
større kontroll, fleksibilitet og kraft i padlinga, og blir kalla
trapperstilling. Den er den beste stillinga dersom ein padlar mot sterk vind, i
ei elv eller mot høge bølgjer. Ein skal ikkje
presse beina fast under setet, dei må komme laus ved ein eventuell velt.
Grep
om åra og padleside:

Lasting:
Valege turkanoar har stor lastekapasitet (3-400kg).
Kanoen lastas når den ligg på vatnet, ikkje
på land. Det er viktig at ein fordeler vekta i lengderetninga slik at vatnlinja
er parallell med ripa. Både padlarar og last kan flyttast for å oppnå ein
balansert kano. Lasten bør absolutt vere vatntett pakka, og kan bindast fast i
tverrstang og seter, men ikkje under seta.
Tak
og manøvrar:
Nokre
manøvrar på flatt vatn:
- Framdrift,
kanoen driv framover.
- Bremse
og stoppe framdrift, padle bakover
- Støtte
og stabilisere
- Svinge
kanoen
- Sideflytte
kanoen
Drivtak:
1. Padleåra
settas loddrett ned i vatnet, så langt fram som mogeleg utan at ein treng å
lene seg framover. Bruk sterke armar.
2. Roter
overkroppen og trekk åra bakover med magemusklar og hofte, prøv å spare armane.
3. Det
er mest kraft i første del av taket, og lite kraft bak hofta. Avslutt derfor
taket når bladet er i høgd ved hofta. Før åra flatt framover medan ho er
parallelt med vatnet. Armane skal vere strake og skuldrane skal vere senka slik
at du får kvilt muskelen.
4. Set
åra i vatnet att og gjenta øvelsen. Det er viktig å prøve å padle i takt med
medeleven. Det kan vere lurt å bruke teljing som gjer det lettare å padle i
takt.
Bremsetak:
Bremsetaket skal innleiast som eit vanleg drivtak. Når årebladet er i høgd med hofta og ein vanlegvis lyftar åra ut av vatnet, roterar ein åra ei kvart omdreiing (90 grader), slik at det som har vore trykksida (den flate sida av bladet som blir pressa eller trykt mot vatnet) på åra, no vender inn mot båtsida og ned bak padlaren. Åra ligg då som eit ror med heile årebladet i vatnet. Ein brukar dette taket for å stabilisere kursen
Bremsetaket skal innleiast som eit vanleg drivtak. Når årebladet er i høgd med hofta og ein vanlegvis lyftar åra ut av vatnet, roterar ein åra ei kvart omdreiing (90 grader), slik at det som har vore trykksida (den flate sida av bladet som blir pressa eller trykt mot vatnet) på åra, no vender inn mot båtsida og ned bak padlaren. Åra ligg då som eit ror med heile årebladet i vatnet. Ein brukar dette taket for å stabilisere kursen
J-tak:
Åra skal setjast i og startar som eit drivtak. Roter trykksida på padleåra gradvis utover og avslutt i same posisjonen som for bremsetaket, men no ligg altså det som har vore trykksida av åra, skrått vekk frå båtsida. J-taket har fått namn etter bokstaven J og det mønsteret åra teiknar gjennom vatnet. I j-taket blir kursen stabilisert og korrigert gjennom og samtidig med framdrifta.
Åra skal setjast i og startar som eit drivtak. Roter trykksida på padleåra gradvis utover og avslutt i same posisjonen som for bremsetaket, men no ligg altså det som har vore trykksida av åra, skrått vekk frå båtsida. J-taket har fått namn etter bokstaven J og det mønsteret åra teiknar gjennom vatnet. I j-taket blir kursen stabilisert og korrigert gjennom og samtidig med framdrifta.
Sikkerheit:
Å setje seg i ein kano og padle av garde i
stillheita kan vere ei uroleg oppleving. Men som på fjellet og sjøen, finnes
det forhandsreglar ein skal vere klar over. Det er viktig å padle nær land og
følgje strandlinja. Dersom kanoen skulle velte er det derfor berre eit par
meter å svømme inn til land. Dersom ein padlar langt frå land kan det ofte vere
bølgjer, djupt og vanskeleg å få tak i hjelp. Det er også viktig at dersom ein
er ei gruppe som er på padling i saman, må ein ha kontakt med kvarandre. Det
kan vere lurt at to og to kanoar samarbeida med både å få kanoen i vatnet, i land og ombordstigning og når ein er utpå
vatnet. Dette kallar vi kameratbåt. Det aller viktigaste er at ein brukar
redningsvest og at ein brukar hovudet når ei er i kanoen.
Tidsplan:
Ein reknar med at ein
har ein marsjfart på rundt 4 km/t på flatt vatn. Dette vil variere i forhold
til korleis vêret og vindretninga er, kor mange det er i kanogruppa og kor
mykje erfaring ein har i kano. Då vi var på kanopadling frå Helgheim til
Hagelin brukte vi ca 30 minutt til Hagelin og ca 20 minutt på tilbakevegen.
Grunnen til at vi brukte så lang tid hadde noko å gjere med at det var mykje
bølgjer og vind.
Kameratredning:
Om vi var ute på
kanotur og padla langt frå land, er det ikkje umogeleg at kanoen hadde velta.
Dersom dette skulle skje, må du bruke kameratredning for å tømme kanoen for
vatn. Det hadde blitt for tungt å svømme inn til land om vi var lenger vekke
frå land. Den beste måten å få kanoen snudd på er då kameratredning. Som eg sa
tidlegare, er det vanleg at to og to kanoar er kameratbåtar. Om den eine kanoen
skulle velte, skal dei to i vatnet symje til kvar sin stemn, og kameratbåten
skal leggje seg vinkelrett på båten som har velta. Dei to uti vatnet må prøve å
få tak i årene og få dei opp i den andre kameratbåten. Deretter skal dei
trykkje ned den eine stemnen ned, slik at dei to som er opp i båten, kan få den
i 90 grader opp i kameratbåten. Så skal dei dra kanoen på tvers av kameratbåten
og tømme den for vatn. Deretter skal dei snu den. I det same som dette skjer
skal dei to som litt uti vatnet holde seg fast på kvar si side av kameratbåten
og slappe av, slik at dei ikkje bruker opp unødvendige krefter. Deretter slepp
ein ut kanoen på vatnet att. Dei to padlarane støttar og stabilisera kanoen
medan dei to i vatnet kan komme seg opp i båten, ein etter ein. Dette gjer dei
ved å komme seg inn mellom båten og dra seg opp med godt grep om begge kanoane.
Det kan vere lurt å først ta den eine foten opp i kanoen, deretter den andre.
Dette har eg lært:
- Ein skal alltid
bruke redningsvest!
- Ein skal ha på seg gode og varme klede + ha med klesskifte
- Ein skal vere forsiktig når ein går opp i kanoen
- Mykje kan føre til at turen blir lengre enn planlagt
- Ein skal følgje strandlinja
- Det er lurt å ha kameratbåt
- Sikkerheit er det viktigaste
- Ein skal ikkje stå oppreist i kanoen!
- Det er best å sitje med knea under setet og støtte
baken mot kanten på setet