Anja sin friluftslivblogg

Anja sin friluftslivblogg

torsdag 7. mai 2015

Kanopadling og kameratredning

Utstyr:
- Førstehjelpsskrin, dersom uhellet skulle vere ute
- Redningsvest er veldig viktig
- Gode klede (ull og regnklede)
- Svamp (om det kjem vatn opp i kanoen)

Kanoen bæras, ikkje slepast, heilt ned til vatnet og skal leggas fint ned i vatnet. Du må vere forsiktig slik at du ikkje skarpar opp kanoen mot svalberg og grus. Ein kan bære med armane eller skuldrane, men det er lettast å bære med armane ved å halde i handtake foran og bak.

På vatnet:
I land og ombordstigning:
Dette er ofte i denne fasen at velting av kanoen skjer fordi forflytting inn og ut av kanoen skapar mykje bevegelse og ustabilitet. Når ein skal setje seg opp i kanoen er det viktig at den eine medeleven held kanoen i ro medan den andre går forsiktig oppi. Det er lurast å gå oppi på huk og ta den eine foten først, deretter den andre. Om du går oppi kanoen oppreist vil du mest sannsynleg miste balansen og falle ut i vatnet.

Sitjestilling:
Dei fleste kanoar er laga med eit, to eller tre sete til å sitje på. Den mest stabile og gunstige sitjestillinga er på knea, med baken kvilt mot setekanten og beina innunder seter. Vekta fordelast mellom kne og bak. Ein kan godt bruke liggjeunderlag eller tilsvarande under knea som plasserast ut til sidene i kanoen. Denne stillinga gir eit tyngdepunkt og større kontroll, fleksibilitet og kraft i padlinga, og blir kalla trapperstilling. Den er den beste stillinga dersom ein padlar mot sterk vind, i ei elv eller mot høge bølgjer. Ein skal ikkje presse beina fast under setet, dei må komme laus ved ein eventuell velt.

Grep om åra og padleside:
Padleåra er kanopadlarens viktigaste utstyr. Når padlaren står skal åra ca nå opp til haka. Åra heldes med øvste hand over T-grepet på toppen med handflata vendt nedover mot årebladet. Den nedste handa grip tak om åreskaftet med bredt grep. Når to og to padlar saman, skal det i utgangspunktet alltid padlas på kvar si side av kanoen. Dette gir stabilitet og balanse. Farten på kanoen er avhengig av den krafta ein legg i taka, og av takta.

Lasting:
Valege turkanoar har stor lastekapasitet (3-400kg). Kanoen lastas når den ligg på vatnet, ikkje på land. Det er viktig at ein fordeler vekta i lengderetninga slik at vatnlinja er parallell med ripa. Både padlarar og last kan flyttast for å oppnå ein balansert kano. Lasten bør absolutt vere vatntett pakka, og kan bindast fast i tverrstang og seter, men ikkje under seta.

Tak og manøvrar:
Nokre manøvrar på flatt vatn:
-      Framdrift, kanoen driv framover.
-      Bremse og stoppe framdrift, padle bakover
-      Støtte og stabilisere
-      Svinge kanoen
-      Sideflytte kanoen

Drivtak:
1.   Padleåra settas loddrett ned i vatnet, så langt fram som mogeleg utan at ein treng å lene seg framover. Bruk sterke armar.
2.   Roter overkroppen og trekk åra bakover med magemusklar og hofte, prøv å spare armane.
3.   Det er mest kraft i første del av taket, og lite kraft bak hofta. Avslutt derfor taket når bladet er i høgd ved hofta. Før åra flatt framover medan ho er parallelt med vatnet. Armane skal vere strake og skuldrane skal vere senka slik at du får kvilt muskelen.
4.   Set åra i vatnet att og gjenta øvelsen. Det er viktig å prøve å padle i takt med medeleven. Det kan vere lurt å bruke teljing som gjer det lettare å padle i takt.


Bremsetak:
Bremsetaket skal innleiast som eit vanleg drivtak. Når årebladet er i høgd med hofta og ein vanlegvis lyftar åra ut av vatnet, roterar ein åra ei kvart omdreiing (90 grader), slik at det som har vore trykksida (den flate sida av bladet som blir pressa eller trykt mot vatnet) på åra, no vender inn mot båtsida og ned bak padlaren. Åra ligg då som eit ror med heile årebladet i vatnet. Ein brukar dette taket for å stabilisere kursen
 
J-tak:
Åra skal setjast i og startar som eit drivtak. Roter trykksida på padleåra gradvis utover og avslutt i same posisjonen som for bremsetaket, men no ligg altså det som har vore trykksida av åra, skrått vekk frå båtsida. J-taket har fått namn etter bokstaven J og det mønsteret åra teiknar gjennom vatnet. I j-taket blir kursen stabilisert og korrigert gjennom og samtidig med framdrifta.

Sikkerheit:
Å setje seg i ein kano og padle av garde i stillheita kan vere ei uroleg oppleving. Men som på fjellet og sjøen, finnes det forhandsreglar ein skal vere klar over. Det er viktig å padle nær land og følgje strandlinja. Dersom kanoen skulle velte er det derfor berre eit par meter å svømme inn til land. Dersom ein padlar langt frå land kan det ofte vere bølgjer, djupt og vanskeleg å få tak i hjelp. Det er også viktig at dersom ein er ei gruppe som er på padling i saman, må ein ha kontakt med kvarandre. Det kan vere lurt at to og to kanoar samarbeida med både å få kanoen i vatnet, i land og ombordstigning og når ein er utpå vatnet. Dette kallar vi kameratbåt. Det aller viktigaste er at ein brukar redningsvest og at ein brukar hovudet når ei er i kanoen.

Tidsplan:
Ein reknar med at ein har ein marsjfart på rundt 4 km/t på flatt vatn. Dette vil variere i forhold til korleis vêret og vindretninga er, kor mange det er i kanogruppa og kor mykje erfaring ein har i kano. Då vi var på kanopadling frå Helgheim til Hagelin brukte vi ca 30 minutt til Hagelin og ca 20 minutt på tilbakevegen. Grunnen til at vi brukte så lang tid hadde noko å gjere med at det var mykje bølgjer og vind.


Kameratredning:
Om vi var ute på kanotur og padla langt frå land, er det ikkje umogeleg at kanoen hadde velta. Dersom dette skulle skje, må du bruke kameratredning for å tømme kanoen for vatn. Det hadde blitt for tungt å svømme inn til land om vi var lenger vekke frå land. Den beste måten å få kanoen snudd på er då kameratredning. Som eg sa tidlegare, er det vanleg at to og to kanoar er kameratbåtar. Om den eine kanoen skulle velte, skal dei to i vatnet symje til kvar sin stemn, og kameratbåten skal leggje seg vinkelrett på båten som har velta. Dei to uti vatnet må prøve å få tak i årene og få dei opp i den andre kameratbåten. Deretter skal dei trykkje ned den eine stemnen ned, slik at dei to som er opp i båten, kan få den i 90 grader opp i kameratbåten. Så skal dei dra kanoen på tvers av kameratbåten og tømme den for vatn. Deretter skal dei snu den. I det same som dette skjer skal dei to som litt uti vatnet holde seg fast på kvar si side av kameratbåten og slappe av, slik at dei ikkje bruker opp unødvendige krefter. Deretter slepp ein ut kanoen på vatnet att. Dei to padlarane støttar og stabilisera kanoen medan dei to i vatnet kan komme seg opp i båten, ein etter ein. Dette gjer dei ved å komme seg inn mellom båten og dra seg opp med godt grep om begge kanoane. Det kan vere lurt å først ta den eine foten opp i kanoen, deretter den andre.

Dette har eg lært:
-      Ein skal alltid bruke redningsvest!
-      Ein skal ha på seg gode og varme klede + ha med klesskifte
-      Ein skal vere forsiktig når ein går opp i kanoen
-      Mykje kan føre til at turen blir lengre enn planlagt
-      Ein skal følgje strandlinja
-      Det er lurt å ha kameratbåt
-      Sikkerheit er det viktigaste
-      Ein skal ikkje stå oppreist i kanoen!
-      Det er best å sitje med knea under setet og støtte baken mot kanten på setet














Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar