
Det kan bli
nødvendig å grave seg ned i snøen for å berge livet, og mange har redda seg
gjennom uvêr, mørke og kulde på denne måten. Inni ei snøhole blir det vanlegvis
mellom -1°C.
Det kan ta lang tid å lage ei snøhole, 2-4 timer. Snøen må vere djup og fast
nok, og det må vere mogeleg å skjære han ut i blokkar. Samtidig må han ikkje
vere for fast. Kompakt foksnø som er hardare enn at ein lett kan presse ein
blyant gjennom, gjer at gravinga blir tyngre og meir tidskrevjande. Det er viktig
å måle snødjubna og teste kor hardt snødekket er, med ei skredsøkjestong, ei
brøytestikke eller liknande før du tek til å grave.
![]() |
Bilete av varmluftlåsen innanfrå hola |
I
bekkedalar eller på sida av markerte knausar og ryggar finn vi ofte djupe
forseinkingar og skavlar. Det blir mindre graving dess brattare det er, men den
et viktig å hugse på at når det er brattare enn 30 grader, skal høgda ikkje
vere over 5-6 meter, dette er teikn på skredfare! Det er lurt å først grave så
høgt som mogeleg i skavlen, for då er det lettare å bli kvitt den snøen ein hiv
ut. Det er fleire ulike måte å innrette seg på, men sørg for at taket blir ein
kuppelform. Flate tak hadde komme til å sige. Av same grunn bør ikkje hola
byggjast for stor. Det er viktig å bruke ein varmluftlås. Det vil seie at det
høgaste nivået på døropninga må liggje 20 – 30cm under brisknivå. Grunnen til
dette er fordi at den kalde lufta som stig opp, held seg inne i hola, medan den
kalde lufta går ut gjennom opninga som er nederst.
![]() |
Bilete inni snøhola vår (Meg, Sander og Sanna) |
Då
vi bygde snøholer, på snøholeturen vår, tok vi til å grave med to inngangar.
Den eina tetta vi att då gravinga gjekk mot slutten. Når ein er kommen eit par
meter inn, startar ein og grave mot kvarandre til ein møtast. Det er viktig å
tenkje heile tida på at veggane skal skråast i ein boge og gå over i taket,
slik at det blir dobbeltkrumma og får kuppelform. Det er viktig å få ein
kuppelform på taket for å fordele vekta. Taket skal vere jamt og alle skarpe
kantar og større ujamnheitar må fjernast, elles kan det begynne å drype. Etter
kvart som ein kjem lengre inn i hola, kan nokon grave inne, og nokon andre stå
ute og hive ut snøen. Når vi skal tette att det eine holet når gravinga går mot
slutten, brukar vi snøen inne til å tette det. Vi laga også ei kuldegrop i
snøhola. Kuldegropa gjer til at ein får ein temperatur på rundt 0 grader i
hola, medan kulda synk ned i kuldegropa som gjer at minusgradene held seg der
nede. Når hola er ferdig,
og utstyret er kommen inn, er det siste ein skal er å byggje ein varmluftlås,
slik eg forklarte tidlegare i innlegget.
Nokre
viktige ting å hugse på når ein skal grave i snøhole:
- Tjukn på tak og vegger: ca 0.5m
- Djupn på brisken: breidda på underlaget (ca. 0.6m) x tal på personar.
- Høgd frå brisken til taket: minimum sitjehøgd, men så høgt at taket blir godt krumma.
- Breidd på gang: litt meir enn skulderbreidd (ca. 0.75m)
- Høgd på brisk: steghøgd (ca. 0.75m)
Opplevinga mi frå
turen er at det er utruleg kjekt å byggje og sove i ein snøhole. Under
turplanlegginga var eg ikkje så veldig gira på å sove ute i kulden, men det
endra seg fort når eg kraup under soveposen. Det viste seg at det faktisk vart
mykje varmare inni snøhola enn eg hadde førestilt meg, og det gjorde heile
turen til ein betre tur. Eg sit att med mange gode og lærerike kunnskapar og
erfaringar. Hadde eg fått tilbodet, ville eg ikkje takka nei til ei overnatting
til.
![]() |
Me våkna opp neste morgon til dette flotte vêret! |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar